Maksimalpris
Stortinget fastset kvart år ein maksimalpris, eit øvre tak for kor mykje foreldre må betale for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. august 2024 er 2000 kroner per månad.
I dei minst sentrale kommunane (kommunar som ligg i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå) er maksprisen 1 500 kroner frå 1. august 2024.
Har du fleire barn i barnehagen?
Viss du har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, skal kommunen sørgje for at du får reduksjon i foreldrebetalinga. Det blir kalla søskenmoderasjon. Du skal få søskenmoderasjon uavhengig av om barna går i ulike barnehagar, og i barnehagar med ulike eigarar.
Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 prosent, og for det tredje barnet og oppover er barnehageplass gratis.
For deg med låg inntekt
Det er to ordningar for hushald med låg inntekt:
Reduksjon i pris
Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.
Gratis kjernetid
Alle familiar med lågare samla inntekt enn 642 700 kroner har rett til 20 timar gratis kjernetid i barnehagen i veka.
Søk på eige skjema for redusert betaling og gratis kjernetid.
Gratis for familiar i Finnmark og Nord-Troms
Alle barn i Finnmark og sju kommunar i Nord-Troms (Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænangen, Karlsøy, Lyngen og Storfjord) får gratis barnehage.