Elevar pliktar å delta aktivt i opplæringa, til dømes ved å møte punktleg til timane, gjere eventuelle lekser og ikkje forstyrre undervisninga.
Elevar som er mykje borte frå skulen vil ha vanskelegare for å nå kompetansemåla for opplæringa. Vanskane kan forplante seg vidare i livet. Skulen vil derfor ta ei aktiv rolle i å hjelpe elevar til å fullføre skulen.
Skulen vil registrere fråvær frå første dag eleven er borte frå skulen, og vil sjå etter fråværsmønster. Som forelder kan du forvente at skulen søkjer eit nært samarbeid med heimen for å følgje opp elevane best mogleg.