Viss du er samisk, har du rett til å få språkopplæring i samisk. Du kan velje mellom nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk. Samtidig blir du fritekne frå kravet om opplæring i framandspråk og skriftleg sidemål.
Du har rett til å få opplæringa på samisk viss du bur i ein av desse kommunane:
Karasjok, Kautokeino, Nesseby, Tana, Porsanger, Kåfjord, Lavangen, Tjeldsund, Hattfjelldal, Hamarøy, Røyrvik, Røros og Snåsa.
Også elevar som ikkje bur i språkutviklingskommunar for samisk, kan få opplæring i samisk og på samisk. Det krev at de er ei gruppe på minst 10 elevar. Då vil de ha rett til å få opplæringa i ei gruppe.
Fram til 7. trinn er det foreldra som vel om eleven skal ha opplæring i samisk språk eller på samisk. Frå og med 8. trinn er det eleven sjølv som vel.