Forsterka opplæring i norsk vil seie at norskopplæringa blir gitt som eit andrespråk, altså som eit språk ein ikkje er vakse opp med. Elevar vil få forsterka opplæring i norsk fram til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Om nødvendig skal dei også få opplæring i eige morsmål, eller tospråkleg opplæring i fag.
Det er foreldra som søkjer skulen om å få særskild språkopplæring. For elevane som får dette, vil fylkeskommunen jamleg vurdere om eleven er klar til å følgje den vanlege opplæringa.
Kommunen kan gi opplæringa i morsmål på ein annan skule enn den eleven går på, og opplæringa kan givast i eigne innføringsklassar. Før eleven blir plassert i ein innføringsklasse, skal dei bli spurde om det og dei skal samtykkje til å få opplæringa i innføringsklassar.