Nokre elevar lærer fort og treng større breidd eller høgare vanskegrad enn dei andre elevane. Andre elevar treng ekstra utviklingsstøtte i ein periode eller innanfor nokre fag. Det er ansvaret til skulen å følgje med og følgje opp slik at alle elevar får utnytta og utvikla sine evner.
Det vanlege er at elevane får tilpassa opplæringa si innanfor fellesskapet i klasserommet og utan at det er nødvendig med særløsninger. Nokre av tilpassingane som lærarane vil vurdere er:
Intensiv opplæring
For elevar som går i 1. til 4. trinn, vil skulen følgje med på progresjonen i lesing, skriving og rekning. Fordi desse ferdigheitene er så grunnleggjande for vidare læring i skuleløpet, kan skulen setje inn såkalla intensiv opplæring i lesing, skriving eller rekning, for elevar som treng det.
Fritak frå deler av opplæringa
Elevar som lærer raskare enn gjennomsnittet, kan i nokre tilfelle ha utbytte av å hoppe over eit trinn eller ta fag på eit høgare trinn. Dette er i så fall noko som skulen skal vurdere saman med ei sakkunnig vurdering frå PP-tenesta, og med samtykke frå foreldra.